I fjor kom snøen i Oslo 15. november, det betyr at snøfallet i år kom 17 dagar tidlegare enn i fjor. Mange som var ute og køyrde bil var ikkje førebudd på snøen og køyrde med sommardekk. Det skapte kaos på vegane og fleire bilistar ringte Politiet for å spørje om lov til å køyre med sommardekk. Politiet gav streng beskjed om at alle vaksne som er ute og køyrer bil på glatte vegar må ha på vinterdekk, elles kan det vere farleg.
Sjølv om snøen kom tidleg til Oslo, var fleire stader i landet endå tidlegare ute, allereie 27. oktober kom det snø både i Trøndelag og i Møre og Romsdal.
Her er ei oversikt over første snøfall i hovudstaden dei siste åra:
2017: 15. november
2016: 5. november
2015: 17. desember
2014: 2. desember
2013: 8. desember
Rekorden for det tidlegaste snøfallet i Oslo var 12. oktober i 1926.
(Kjelde: NTB)




















